
Tittel: "Heit Juice"
Forfattar: Kolbjørn Hauge
Utgjevelsesår: 1993
Forlag: Aschehoug
Sider: 264
I ei roleg bygd på ei øy i Hordaland blir det funne eit lik. Kona til den døde skal ha reist på feire til systera si på Gjøvik, men kjem aldri dit. Lensmannsfolka og etterforskarane frå Kripos oppdagar etter kvart mye som ikkje er heilt som det skulle vere.Det skjer mykje merkeleg underveis; eit postkontor blir rana, ein bil brenn og ein mistenkjeleg person blir observert. Det viser seg at den døde er forgifta av arsenikk, og at gifta stammar frå ein juskartong. Dei finner også ut at avdøde elska juice, før han ble myrda. Vel, sia den forsvunne kona arbeider på apotek, kan ein vel tenkje seg at det er ho som har fått tak i gifta. Men så enkelt treng det heller ikkje vere. Det viser seg at den døde var eit vanskeleg menneske, og han har vore i konflikt med fleire. Det finst altså motiv.
Forfattaren beskriv ikkje berre handlinga, men gir oss eit godt bilete av øya der handlinga finn sted. Han gjer oss også ein god beskrivning av personane som er med i forteljinga-han beskriv dei så godt at me heilt og haldent trur dei er ekte.
Jeg syns boka er spanande, men også morosam iniblant alt det grufulle. Sjølv om den starta ganske rett på sak, så syns eg det tok litt tid å setja seg inn i boka. Det var veldig månge personar og navn å forhalde seg til, men eiter kvart kom eg fint inn i det. Eg vil gje boka ein femmar, og syns Kolbjørn Hauge er ein god forfattar!